FHI: Auke i koronadødsfall
Talet på koronarelaterte dødsfall har dobla seg dei siste vekene, skriv FHI i vekerapporten sin. I veke 44 var det 31 koronarelaterte dødsfall ved norske sjukehus. I førre veke var det 73 koronarelaterte dødsfall.
FHI skriv at det framleis er ein auke i smittespreiinga, og dei reknar med at auken held fram dei neste vekene. Men at talet på innlagde ved sjukehusa har flata ut dei siste to vekene. Dei oppmodar eldre og personar i risikogruppene om å vaksinere seg.
Influensasesongen er ikkje i gang enno, men FHI reknar med at smitten vil auke gradvis, og at utbrotet kanskje kjem før jul. Dei ber eldre, personar i risikogrupper og helsepersonell vaksinere seg.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More